PAPRIKA


Biologi
Paprika (Capsicum annuum L.) høyrer til søtvierfamilien. Dei sortane av C. annuum som me dyrkar som grønsakplanter har alle buskform. Nedst er stengelen halvt treaktig. Hovudstengelen deler seg i to 20-30 cm. over bakken, sidegreinene deler seg så i to, osv. - plantene har altså sympodial forgreining. Blomstrane kjem gjerne enkeltvis i bladhjørna eller greinvinklane. Kronblada er kvite. Frukta er eit bær. Frøstolen med frø fyller som regel berre ein liten del av rommet mot fruktveggen, fruktene er derfor hole. Sortane varierer mykje i form, storleik og farge.


Sortar
Raud
Solution  Foto:Møyfrid Sørestad Ferrari (Enza) taklar bra variasjonar i vêret og er også godt eigna under lys. Generativ sort med mellomstor frukt. Sterk mot griffel. Er nå den mest dyrka sorten i Holland.

Solution (Bruinsma) er tidleg i produksjon og har god avling. Lengre plante enn Ferrari og større frukter enn Ferrari. Arbeidsvennleg kultur (open vekst), men plantene blir lange. Relativt sterk mot griffelråte. Relativt lett setting og sorten har eigna seg godt under lys.

Spirit (Enza) har lenge vore ein sort med stort omfang, men er på retur i utlandet. Store og tunge frukter, god på smak. Ikkje så vekstkraftig (3 m) og egnar seg derfor godt for låge hus. Avlingen er ikkje topp, men Spirit er ein velkjent sort.

Prøvesort:
Expres (Enza). Som Ferrari, men meir vegetativ vekst og større frukter.

Gul
Derby (De Ruiter Seeds) er ei generativ plante med open vekst, lang plante. Store frukter og rask farging. Sterk mot griffel. Den mest planta gule sorten i Holland. Eit mindre alternativ er Chelsey (dRS) som skal vera godt eigna under lys.

Oransje
Boogie (Rijk Zwaan) er ein sort med fin fruktform, farge og god holdbarhet. Kraftig lengdevekst og mellomstore frukter. Sterk mot griffel. Nærmast einerådande som oransje i Holland.

Grøn
Raude sortar med fin og klar grønfarge og sein raudfarging er aktuelle til grønhausting. Sortar som kan vera aktuelle er:
Corsica (Enza) er kortvokst men open vekst. Generativ. Sterk mot griffel. OK avling.


Oppal
Så ved 25°C (dag og natt). Etter spiring 24°C natt og 25°C dag og 18 timar lys med minst 100W/m2. Etter 2-2,5 veker plantar ein om i 10 cm. kuber og senker temperaturen til 22°C natt og 23-24°C dag. Sluttavstand max. 20 planter/m2. Ved 150 W/m2 tar det 46-49 dagar til blomstring.


Planting
Det er vanleg å plante når første blomsterknopp er godt synleg, men før han opnar seg. Då er plantene rundt 7 veker gamle. Vatn opp mattene med eit ledetal på 3.
Utan tilleggslys passar det å plante første halvdel av februar. Med lys (>150 W/m2) er det truleg best å plante mellom 1. desember og 10. januar slik at ein får levert 1. og 2. hold mens det er høge vårprisar. Plant i dobbeltrekker. Vanlegast er å la 3 skot/plante utvikla seg, men ein kan også nøye seg med 2. Det er passe med 6,8-7,1 toppar/m2 og alt etter kor mange skot/plante ein slepp opp blir tal planter/m2:
Foto:Møyfrid Sørestad1,7 viss 4 skot/pl
2,3-2,5 viss 3 skot/pl
3,4-3,5 viss 2 skot/pl

Vanlege planteavstandar er:
65-70 cm mellom rekkene i same bed
90-95 cm mellom beda
50-55 cm mellom plantene i same rad. 55 cm og 3 skot/ plante er vanleg.


Klima
Temperatur
Reduser temperatur etter planting frå 22°C natt og 23-24° dag (oppal) til 22° flatt i løpet av 2 dagar og la dei stå slik til akklimatisering og roting (1-1,5 veker), og auk så til 23°C dag og hald denne temperaturen til ein ønskjer fruktsetting. Det er viktig at planta får rota seg og koma i gang med veksten før ein slepp på frukter. Samtidig er det ønskeleg med tidleg setting for å få levert paprika når me har gode prisar på våren. Å ta vekk kroneblomen og fjerna blomen i bladhjørne nr.1 og nr.2 på skota kan vera eit greitt kompromiss.
Når ein ønskjer fruktsetting skal ein senka nattetemperaturen til 18-19°C, eller heilt ned i 17°C viss ein synes ein får for svak blomstring. Døgngjennomsnittet i denne fasen kan ligga mellom 20-23°C.

Forslag til temperaturprogram blir då:
18°C - kveld (solnedgang til midnatt).
19°C - natt (+1 ved strålingssum 900-1000 Joule)
20 + 1 eller 19 + 2 - dag og lufting ved 24°C. Unngå temperaturar over 25°C. Ved lufting før 24°C blir det for tørr luft.
Mattetemperaturen skal vera 19-20°C (eit par grader høgare under rotinga).

Lys
Paprika er ei lyselskande plante. Eksempelvis viste forsøk på Planteforsk Særheim vinteren -92/93 at planter under 15 000 lux brukte 6 veker frå planting til hausting mens planter under 10 000 lux brukte 11 veker. Det same forsøket viste også ei avlingsauke på ca. 45% ved å auka lysstyrken frå 10 000 til 15 000 lux (vinterproduksjon).
Bruk lyset 18 timar/dag og slå det på når utelyset er under 30 000 lux.

Luftfuktighet
75-80 %

CO2
Som andre kulturar reagerer paprika positivt på ekstra CO2. Prøv å halde 800 - 1000 ppm i huset. Tilfør CO2 frå 1 time etter soloppgang til 1 time før solnedgang.


Vatning og gjødsling
Paprika har eit dårleg rotsystem, og ein må derfor vera forsiktig med å ikkje vatna for mykje (særleg ved dårleg vêr). Paprika vil ha lite vatn ofte framfor store og få vatningar. Med 150 ml per vatning går det for lenge mellom kvar vatning. 100-120 ml/vatning er anbefalt. Ein vanleg tommelfingerregel er å gi ei vatning på 300 ml/m2 ved kvar 100 J/cm2 innstråling. Med 7 stenglar/m2 og 3 stenglar/ plante blir dette ca. 130 ml./plante for kvar 100 J/cm2. Start vatning 2 t etter sol opp og stopp vatning 3 t før sol ned. Det er viktig å måla avrenninga for å få eit mål på om ein vatnar riktig, og denne bør vera 20-25% på solrike dagar. Ikkje få avrenning for tidleg på morgonen, frå kl. 11:00.

Næringsløysing
Næringsemner Ønska samansetning basis Ønska samansetning etableringsfase Ønska samanseting fruktbelastningsfase
NO3- 215 - -
NH4+ 10 - -
P 40 - -
K 265 225 275-290
Ca 200 220 180
Mg 35 - -
S 20 - -
Fe 0,80 - -
Mn 0,60 - -
B 0,30 - -
Zn 0,3 - -
Cu 0,05 - -
Mo 0,05 - -
- - - -
K/N 1,18 1 1,2-1,3
K/Ca 1,32 1,02 1,5-1,6

Ledetal og pH
I matta vatnar ein opp med 3, og sidan paprika lett får mykje griffelråte ved høge ledetal er det viktig at ledetalet i mattene held seg rundt 3-3,5 stigande til 4 i slutten på dyrkingssesongen. Ledetal ut i drypp ligg dermed mellom 2,5 og 1,8 alt etter årstid og vêrforhold. I tider med høgt vassforbruk må ein ned mot 1,8 for å ikkje få for høgt ledetal i matta, og tilsvarande må ein gi ut høgare ledetal i tider med lite vatning.

pH 5,5 - 6,5


Stell av kulturen
Paprikaplantene blir bundne opp utan nedsenking. Slutthøgda varierer naturlegvis med sortane, men rekn med 3 -3,5 meter i ein produksjon utan lys. Bind opp først når alle sideskota er slept ut.


Pinsering av sideskot
På grunn av veksemåten blir paprikaplanta raskt ein tett busk dersom han ikkje blir pinsert. Dei første skota er grunnlaget for dei 2-3 stenglane ein vil utvikla. Etter dette beheld ein det kraftigaste skotet. Dei første 4-5 sideskota fjernar ein heilt. Etter dette tar ein vare på 1 eller helst 2 blad på sideskota (sjå figur).

Pinsering av frukt
For å sikra god vegetativ vekst bør ein fjerna dei første 3 til 4 fruktemnene. Ta første frukt på nr. 3 eller 4 (sjå figur). Tynn så ut første hold til 3 frukter per stilk. Ved veldig god innstråling kan planta klara å bera fram opp til 4 fr/stilk. Etter første hold regulerer planta seg sjølv. Ta all paprika på hovudstammen, bare unntaksvis på sideskot.


Foto:Møyfrid Sørestad Blomstring, pollinering og fruktsetting
Ved god innstråling og når pollenknappane står lukka om arret er det ikkje nødvendig å gjera noko for å få god bestøving. Det kan svara seg å ha humler ved mykje dårleg vêr, og dei har sannsynlegvis også ei positiv påverknad på fruktvekt og talet på deformerte frukter.
Små og opprette blomar er teikn på at planta vil abortera.
Det går ei snau veke mellom kvar blomstring. Blomane på sideskot er ca. 1 veke seinare enn på hovudskotet.
Optimumstemperatur for pollengroing er 25-30°C.
Utviklingstida til hausteklar paprika er ca. 2 månadar. Det tar ca. 3 veker frå ferdig grøn til raud paprika.


Hausting og lagring
Foto:Møyfrid SørestadPaprika haustar me her i landet når paprikaen er heilt farga. Skal ein hauste grønt må ein passa på at desse er fullt utvikla, faste og har ein klar grønfarge. Det er dei raude sortane som har finast grønfarge og derfor blir nytta til grønhausting. I tillegg er det viktig å ha ein sort som brukar lang tid på å skifta frå grøn til raud.
Paprika skal lagrast ved 8-10°C og 90-95% luftfuktighet.


Plantevern
Dessverre er paprika mottakeleg for ganske mange skadedyr, men stiller ein med eit reint utgangspunkt er det stort sett bladlusa på ettersommaren og hausten som er problematisk. Det er viktig å følgja nøye med og oppdaga angrep tidleg slik at ein kan prøva å ta skadedyra med nyttedyr.

Bladlus
Vil ganske sikkert dukke opp i veksthuset på ettersommaren. Det er viktig å bestemma bladlusarten for å utføra rett bekjemping. Det er særleg ferskenbladlusa som er problematisk.

Typiske kjenneteikn på dei vanlegaste bladlusartane (tydelege med ei 10x handlupe):
Potetbladlus Unge individ har ei langsgåande mørkegrøn stripe på ryggen.
Kolonidannar.
Grønflekka veksthusbladlus Grøne flekkar ved basis av ryggrøyra.
Agurkbladlus Kolonidannar.
Svarte ryggrøyr (det er det mange som har) i kombinasjon med at dei vaksne er mørkegrøne og dei unge lysegrøne (husk at den jo er kolonidannar).
Ferskenbladlus Kan desverre samanliknast med andre arter.

Av nyttedyr kan ein sette ut Aphidius colemani frå flaske mot agurkbladlus og ferskenbladlus og eventuelt A. ervi mot potetbladlus og veksthusbladlus. Førebyggande dose er 0,5 snylteveps/ m2/ 14. dag, av A. ervi er det truleg nok med 0,25/ m2/ 14. dag. Start innsett i juli. Ved angrep aukar dosen til 1 stk/ m2/ veke. Ved angrep kan ein også nytta gallmyggen Aphidoletes aphidimyza. Eit anna alternativ er å oppformeira eigne snylteveps ved hjelp av bankerplanter. Ein oppformerer snyltevepsen på korn- og havrebladlus som bare går på einfrøblada planter (som korn og gras) og ikkje på paprika. Ein har då ein stamme av snylteveps i huset som er mykje flinkare enn folk til å finna bladlus.

Havrebladlus Mørkegrøn, lita med raudbrun bakpart.
Kornbladlus Svarte ryggrøyr, jamt over lys grøn, mørke bein og antenner.

Av kjemiske middel har ein Confidor og Pirimor.
Confidor: Eit systematisk middel som har verknad med kontakt og gjennom mage. Svært god mot bladlus, også ferskenbladlus. Svært skadeleg for nyttedyr som bladlussnylteveps, mjøllussnylteveps og middrovmidd, men der etterverknaden er kjent er den generelt kort. 4 dagar behandlingsfrist.
Pirimor: Har effekt ved kontakt, fordamping og inntrenging i blada. Har ikkje verknad mot agurkbladlus. Skånsam mot dei fleste nyttedyr, men skadeleg for bladlussnylteveps og mjøllussnylteveps. 4 dagar behandlingsfrist.
Som alltid når det gjeld kjemiske middel: Veksle mellom ulike middel gjennom sesongen.

Spinnmidd
Kan bli eit problem.
Ingen tillatne kjemiske middel i paprika. Rovmidden Phytoseiulus persimilis kan setjast ut ved oppdaga angrep. Sett ut minst 25 stk/m2 i angrepne områder + minst 3 stk/m2 i resten av huset. 2-3 utsett med 1 veke mellom, deretter etter behov.

Trips
Kan bli eit problem.
Det kjemiske midlet Confidor har verknad mot trips.
Av biologiske middel har ein tripsrovmidden Amblyseius cucumeris.

Gråskimmel
Skal ikkje vera eit problem der ein styrer klimaet slik at ein unngår fuktnedslag.


Fysiologiske skader
Foto:Møyfrid SørestadGriffelråte
Oppstår i eller nær tuppen/ griffelenden som ein lys (grå/ lysbrun) litt nedsunken flekk. Desse flekkane blir tørre og papiraktige. Først er dei litt mjuke, men ettersom tida går vil plantevevet tørka ut og bli hardt. Som for tomat viser griffelråten seg som regel når frukta er ca. halvferdig i storleik, men initieringa skjer når fruktene er 1,5-3 cm. i diameter.
Griffelråte skuldast kalsiummangel. Dårleg opptak av Ca kan ein få når ein har ubalanse i næringsløysinga eller dårlege røter. Vanlegvis er griffelråte eit resultat av dårleg distribuering av Ca heller enn dårleg opptak. Det blir for liten vasstransport og då er det fruktene som lir først. Liten vasstransport får ein ved høgt ledetal i mattene, kombinasjon av høg temperatur og låg luftfuktighet slik at spalteåpningane blir lukka eller ekstremt høg luftfuktighet.
For å bøta på store problem med griffelråte kan ein utføra bladsprøyting med 2% CaCl2 (2 kg i 100 liter vatn). Dette vil gi litt bladsviding.

Solsviding
Paprika er utsett for å få sviskade på fruktene. Unngå frukttemperaturar på > 35°C, sørg for at det er nok blad på planta som gir skugge. I Holland brukar dei skyggegardin i solskin og varmt vêr viss >650 - 700 W/m2.

Til toppen

Sist oppdatert 06.01.2005. Møyfrid Sørestad

Hilde Løge: Tlf.:   51 72 02 68 Mob.: 977 95 514 e-mail: hilde.loge@lfr.no
Sandra Paasch: Tlf.:   51 72 02 65 Mob.: 993 17 732 e-mail: sandra.paasch@lr.no