Rennesøy Forsøksring veksthusrådgiving driv spesialisert rådgiving innan tomat i heile landet og andre veksthusgrønsaker i Rogaland. Avdelinga har 120 medlemmer og to tilsette. Kontoret er plassert i Vikevåg i Rennesøy kommune.
Rennesøy Forsøksring veksthusrådgiving er eigd og styrt av medlemmene. Dei aller fleste medlemmene produserer tomat og agurk, men forsøksringen er også med på arbeidet med å utvikla nye produksjonar innan veksthusgrønsaker. Ringen har eit omfattande internasjonalt kontaktnett.
Inkludert i medlemskontingenten er gartneribesøk og rådgiving over telefon og e-post. Råda er basert på lokal kunnskap, nasjonale og internasjonale forskingsresultat. Ein stor del av medlemmane nyttar seg i tillegg av tilbodet om ekstra gartneribesøk (kr. 600,- per besøk) frå planting til ut juni. Ringen hjelper også til med vurdering og kontroll av næringsanalysar, oppsetting av gjødselplanar, energirådgiving m.m.
I løpet av året blir det arrangert fleire markdagar og fagmøter, og gjennom forsøksringen kan ein også vera med på sortsforsøk eller sortsregistreringar.
Alle medlemmer av avdeling veksthus får tilsendt medlemsbladet 'Veksthusnytt' som blir gitt ut med 8-10 nummer per år.
Medlemskontingenten er delt opp i ein grunnkontingent og ein arealavhengig kontingent.
Grunnkontingenten er 1.400 kr, arealkontingenten 0,90 kr/m2.
Kontingenten er avgrensa oppover til maksimalt 7.400 kr
| MEDLEMSKONTINGENT:
|
Kor stor blir kontingenten ?
|
Innmelding i Rennesøy Forsøksring veksthusrådgiving
Rennesøy forsøksring veksthusrådgiving er ein av 100 forsøksringar i landet. Desse ringane med omlag 280 tilsette rådgivarar og 30 000 medlemmer dannar Landbrukets Forsøksringar (LFR), interesseorganisasjonen til forsøksringane.